torsdag 12. mars 2009

Rettferd

Denne veka har "rettferdig handel" vore tema på skulekjøkenet. Her er utstillinga mi av nokre fair trade produkt. Dei fire varene til venstre er eit nytt merke som eg fann på Meny. Eg likar designet. Alle har ein jordklode på pakken med ein raud prikk og namnet på landet vara er produsert i.

Eg har stor sans for at bønder i U-landa skal få betre betalt for produkta sine. Borna skal få gå på skule. Det skulle berre mangle!

p.s.
No ser eg at fleire har fått etikettar på innlegga sine. Det skal eg satse på å få til i helga. Denne må bli "Løp og kjøp".

2 kommentarer:

arieldog sa...

Tips: gå inn på "rediger" og merk fleire innlegg om gongen - elles vert det mykje arbeid å setje på etikettar. Veldig greitt system, forresten, viss ein vil finne innlegg om eitt emne.

solveig sa...

Takk for tipset!
Eg kjem vel til å ha etikettar på det som har interesse framover, t.d. matoppskrifter og bøker.