torsdag 26. mars 2009

Vår og snart påske

I dag fall eg for freistinga og kjøpte meg to gule storblomstra begoniar. Då eg begynte å rydde litt i vinduskarmane venta det meg fleire overraskingar. Ei av dei var denne orkidéen. Det er tredje gongen han blomstrar. Eg har forhøyrt meg med andre orkidéeigarar om ein bør klippe dei ned og støtte dei opp. Denne har fått utvikla seg sjølv. I dag tok eg han inn i varmen og oppdaga tre greiner, litt daudt klipte eg vekk. Noko støtte ser det ikkje ut til at han treng, men eg har tatt vare på pinnane og klemmene om eg skulle skifte meining.


6 kommentarer:

Besta sa...

Det er mange teoriar om korleis ein skal stelle orkidear. Eg har 3-4 stk som står og blomstrar for 2. eller 3.gong.Eg har brukt å klippe ned stilkane, men ei som eg kjenner og som er veldig flink med blomster, gjer absolutt ingen ting med orkideane sine, berre ein liten skvett vatn av og til. Eg brukar å måtte støtte opp mine fordi stilkane vert så lange.

arieldog sa...

Eit innlegg til inspirasjon! Løp og kjøp!

Elin sa...

Kvar har du fått den løparen? Interssant...kva med eit betre bilete av han?

solveig sa...

Det er ein Ekelund-løpar kjøpt på ein gjenverande butikk i Ulsteinvik. Den er nokre år gamal, men held seg flott. Butikken heitte Åse Dimmen, no May-Britt. Dei hadde fått inn mykje frå Ekelund, men berre små kjøkenhanddukar. Dukane såg eg ikkje på. Margrete og mamma har også fine Ekelundløparar.

Besta sa...

Ja, og dei fleste har vi fått av Solveig. Eg har også kjøpt div. handdukar i Sverige av dette merket.Her får ein kjøpt desse fantastiske produkta på Gåvebuda som ligg midt i gågata.

Elin sa...

OK, då er saken grei, må til enten Ørsta eller Ulsteinvik!!
Føler meg kjempedum som ikkje har høyrt om dette merket før. Eg gugla Ekelund, og ser at dette er ei gammal, ærverdig bedrift i Sverige. Og den løparen kostar 42,50 dollar. Har dei kattemønsteret i ete-brikker, trur du? Skal tru om ein får kjøpt slike ting på Eid?
Kan ikkje alle de Trovågdamene legge ut bilete av alle tinga de har av dette merket? Og Besta, det var veldig god reklame!!