torsdag 5. mars 2009

Bok 12:Deja vu


Dette er ei bok ein føler ein har lese før sjølv om ein ikkje har gjort det. Når mysteriet i tillegg ikkje vert løyst, vert boka ein skuffelse for meg. Mankell har skrive mykje god krim. Denne skuffar. Les gjerne kva andre meiner.
Her er ein svært positiv omtale om boka.

4 kommentarer:

Besta sa...

Om ein blir skuffa over bøker som er oppskrytte, kjem det ofte av at ein har store eller andre forventningar. No er det lenge sidan eg las Kennedys hjerne, men eg hugsar dei rystande skildringane frå Afrika.Las kritikkane, og vil seie at eg hallar til Yngvar Ustvedt. No har eg så vidt begynt på Jeg forbanner tidenes elv. Irriterer meg over at forfattaren les sjølv!Jan Grønli hadde gjort det betre.

solveig sa...

Temaet var kanskje meir aktuelt då boka kom ut. No har vi sett afilmar og andre bøker med same innhald.

arieldog sa...

Der er eit anna uttrykk, "deja lu", som betyr "allereie lese", eller kjensla av å ha hørt det same før. Av og til plukkar eg opp ei krimbok eller ser ein film som eg synest verkar kjent. Mest irriterande er det viss eg like før slutten får ei "ååååja den"-oppleving. Krimbøker utan skikkeleg løysing er berre irriterande.

solveig sa...

Eg sjekka i bykhylla at eg ikkje hadde lese boka før, men eg var i tvil ei stund. Dama vart slått ned. Det same skjedde i ei anna bok,men då i Asia. Aidsproblematikken har eg kanskje frå film. Han som las, tolka for mykje. Små ting vart dramatiske.
Eg hadde høge forventningar til Mankell også.