onsdag 25. mars 2009

Solveig seksten

Då eg såg bildet av Ingeborg på 16-årsdagen hennar, kom eg på at eit av dei få fødselsdagsbilda eg har av meg sjølv, er frå 3.juli-79. Eg la vel inn ein kommentar på at eg kanskje skulle legge det ut, eller late det vere. No har båda mamma og systra lagt ut bilde av seg sjølve då dei var 16. Så eg kan ikkje vere verre.

Kanskje det kan glede 10-ande klassejentene "mine"?

4 kommentarer:

Besta sa...

Du er stort sett lik deg slik du er no.Håret også. Eg hugsar det raude skjørtet med svarte fuglar(?)

arieldog sa...

Eg også hugsar best det skjørtet... Koseleg bilete!

solveig sa...

Jau, det var svarte fuglar. Smykket var i raud månestein. Hugsar de den moten?

Anlen sa...

Du er jo ganske lik enno! Og så ser eg litt Olaug:)