laurdag 21. mars 2009

Blomkålsuppe

Det er ei blomkålsuppe eg hugsar betre enn noko anna suppe eg har ete i heile mitt liv, nemleg den vi fekk servert i mormor sin 70-årsdag. Suppa var nok heilt vanleg, men det var omstendigheitene rundt den som gjorde inntrykk.. Det var fantastiske omgjevnader, og det å få kome ein slik stad hadde vi ikkje opplevd før.

På førehand hadde vi fått ein del formaningar. Det var verst for ho som ikkje likte blomkålsuppe. Ja, ja suppa kom i magen på faren, utan at det vart gjort noko nummer av det. Noko anna som var strengt forbode, var å spørje etter brus. Sjefen der var sterk motstandar av drikken, hadde vi fått høyre. Men brus kom på bordet, eg trur ho vart sjarmert av nokre brune auge.

Etter kvart vart det omvising i husa rundt. Himmelsengane var imponerande.

Så spørs det om andre har andre eller annleis minne!
Denne veka har eg vore lite heime, og det hadde hopa seg opp med grønsaker. Eg fann ut at eg ville lage ei suppe sidan vi skal i 50-årsdag seinare i kveld. Eg startar med å koke mesteparten av blomkålen og brokkolien i ei panne med vatn og litt salt. I den andre panna laga eg jamning og sper med vatn. I dag hadde eg ikkje kraft, så det vart buljong
Når grønsakene har kokt "ihel", mosar eg dei til ein puré med stavmiksaren. Puréen får koke i suppa. Den er då med å jamne suppa. I dag hadde eg fløyte i suppa. Med smør og mjøl i jamninga, er det ikkje ein mager variant. Men det er sjølvsagt ikkje noko i vegen for å bruke ristejamning og mjølk. Salt og pepar må til.

Eg sparer nokre små bukettar (det fremste) og koker dei i 3 minutt før eg har dei i suppa.


Vel bekomme!



7 kommentarer:

Besta sa...

Suppa såg veldig god ut!Det er vel ikkje så veldig mange måtar å lage blomkålsuppe på, og som regel vert ho god.(Eg brukar aldri pepar i.) Men forstår du vitsen med å kjøpe slik suppe som posesuppe?Det er vel like lettvint å lage den på gamlemåten? Hugsar då broccoli var ei ny grønsak her hos oss og vi ikkje visste akkurat korleis vi skulle bruke den.Då laga eg broccolisuppe. Farmor, som var på besøk, syntest det var enda betre enn blomkålsuppe.

solveig sa...

Eg brukar litt pepar i omtrent all middagsmat.
Før brukte eg ikkje å lage puré å ha i. Då vart det meir smør og mjøl.
Pulvermat er lite næring i. Eg meiner det er betre å t.d kjøpe glas med spagettisaus enn å lage av pulver.

solveig sa...

Eg hugsar forresten første gongen eg åt brokkoli. Det var hos ei venninne av ei venninne i Bergen, før vi for til Mallorca. Då var eg 20 år. No er det ein av yndlingsgrønnsakene mine. Den er også relativt rimeleg. Den held seg dessverre litt kort i samanlikning med blomkål.

Elin sa...

Fekk veldig lyst på supa no, ja. Stavmiksar har eg endå ikkje skaffa meg, men har ynskt meg det lenge.
Var det Singerheimen som var staden de feira gjebussen? Enn om eg var der? Hugsar ikkje...

Hildegard sa...

Blomkålsuppe er godt og denne såg spesielt god ut, eit måltid i seg sjølv med litt brød til!
Ja, det var ei stor oppleving å feire 70-års dagen til Amanda i Singer-huset både for vaksne og born. Eventyrleg den gongen i 1974 - sikkert no òg, huset blir framleis brukt til slike arrangement.
Eidabesta

Besta sa...

Det visste eg ikkje. Kanskje ein ide til neste år?

solveig sa...

Det går no an å undersøke!