søndag 29. mars 2009

Kor gammal er tannkosten?


I serien "Kor gammal er..." har eg kome til tannkost og tannkrem.
---
Spørsmålet kom opp medan vi diskuterte Nora si makroneting i "Et dukkehjem". Ektemannen hadde lagt ned forbod mot søtsakeeting. Han ville at ho skulle vere representativ med pene tenner. "I 1879 var fanst det nok ikkje tannkost og tannkrem, og det var nok eit vanleg problem å ha stygge tenner," hevdar eg. Elevane grøssar. Eg har lova å finne fakta.
---
Det einaste eg har funne ut, er at det vart produsert tannkrem frå andre halvdel av 1930-talet. Øystein meiner det kan stemme. Far hans var tidleg ute med å skaffe seg tannkost, og det var i vaksen alder. Han var fødd i 1915.
---
Viss andre har peiling på dette, så skriv gjerne ein kommentar!

5 kommentarer:

Besta sa...

Eg meiner å ha lese at heilt frå steinalderen av, reinsa folk tennene med opptogne kvistar etc.Ein slags tannbørste.Men kor gammal tannbørsten er, veit eg ikkje.Vi har før kommentert deling av samansette ord. Makron-eting burde vore delt(Eg las feil med det same).

solveig sa...

Det var no eit ord eg laga...
I "Den store reisen" såg vi at dei brukte kvistar til å rense tenner med i Afrika. Elles så var vel sukker for dei rike lenge. Så her er det mykje å ta tak i viss ein vil studere historie om daglegliv.

Besta sa...

Kvifor ikkje ta ein doktorgrad-like godt?

Besta sa...

Ved å søke på Kvasir:Tannbørsten+
historikk fekk eg vite at tannbørsten vart oppfunnen i 1498.Den moderne tannbørsten kom først i 1930-åra.

solveig sa...

Det stemmer nok. Historia er kort!