laurdag 7. mars 2009

Nei, eg har ikkje begynt på julebaksten

Denne boka hadde eg ingen planar om å kjøpe. Eg har flust med julekakeoppskrifter. Så begynte eg å bla i boka, og fann mykje der interessant. 49 kroner!

Forfattaren har valt litt tradisjonelt, men og lagt vekt på at tidene endrar seg. Ho verkar engasjert. Oppskriftene verkar gjennomarbeidde. Mannen har tatt bilda, noko som sikkert er ein fordel tidsmessig.

Ja, så måtte eg prøve ei brødoppskrift då!
"Dette er de enkleste og mest lettvinte brødene jeg har på mitt repertoar", skriv ho, og kjem med forslag om alternativ til slutt: Med denne oppskriften som utgangspunkt, kan du lage helt fine eller enda litt grovere brød".
Dette er slik ei kokebok skal vere. Du må vise at du brenn for det du styrer med. Hadde eg vore forlagskonsulent, så hadde eg sendt attende bøker med oppskrifter der det er koppemål eller mjøl til passe deig. Eg ser korleis skjønnlitteraturforfattarar må arbeide med manuset sitt, så kvifor ikkje stille krav til kokebokforfattarar?
Poenget med desse brøda er at ein lagar kald deig og set i kjøleskåpet. Deigen skal vere laus og arbeidast minst muleg med både når ein lagar han, og når ein bakar han ut. Eg laga deigen raskt i brødbakemaskina og sette han i kjøleskåpet over natta. Etter heving ein time framme på benken, var det tid for forming.
Resultatet vart slik. Brødet skal ha store luftbobler. Eg spurde ein av karane kva han synest om brødet. "Bra". Var det noko spesielt med det? "Godt!". Brødet forsvann fort. No har eg sett ein kald landbrøddeig i kjøleskåpet til i morgon, så får vi sjå korleis det går!





3 kommentarer:

Besta sa...

Mamma sa alltid at gjærdeig skulle arbeidast minst mulig, for då vart ikkje baksten seig. No står det i alle oppskrifter(nesten) at røra skal gå så og så lenge i maskina.Eg veit ikkje kva som er rett.Før rørte ein fersk gjær ut i sukker,men det er det slutt på no. Vi gjorde eit eksperiment på skulekjøkkenet der nokre rørte gjæren ut i sukker og andre i melk.Deigane med sukker heva seg best!(Det var like mykje sukker alt i alt i deigane).

Besta sa...

Når eg hadde bollebakst med førsteklassingane på skulekjøkkenet, laga eg deigane før eg gjekk heim dagen før, og sette dei i kjøleskapet. Tok dei ut meste morgon. Kjempefine for dei små å bake, lite mjøl på benken og lite kliss. Fine bollar vart det også!

solveig sa...

Desse deigane er klissete, og ein ønskjer seg store hol.
Det er håplaust å kjevle deig som er mykje bearbeidd. Eg veit ikkje kva som er rett og gale. Eg var på eit Tupperwareparty ein gong der dei laga bollar utan å ta i dei. Eg syntest ikkje bollane med store porar var så ideelle.
Sukker og gjær meiner eg ikkje skal blandast. Då er det lett å få gjærsmak, i alle fall viss ungar rører og rører.
På skulekjøkenet er det viktig med rask heving. Heime bør ein ta tida til hjelp, då får ein best smak. I grøvt mjøl utviklar det seg og positive stoff.