måndag 4. februar 2008

COOP-kupp

Det er ikkje berre pappa som har slått til på Coop medlemstilbod i dag. Eg studerte katalogen eg fekk før helga, og la min elsk på dette frukostsettet. Populære tilbod er som regel vekke når eg handlar om ettermiddagen, så eg slo det meir eller mindre frå meg. Men eg var heldig! Fata er litt større enn dei vi hadde, og krusa er høge og smale.

Grunnen til at eg ønska meg nye frukosttallerkar, ser de under. Til frukost kan ein risikere at vi sit med kvar sin type fat (Ja, vi har Karius og Baktus og Folk og røvere-fat også). Vi har også kvar sin type kopp eller krus. Dekoren er vekke på enkelte, medan andre har skar.

7 kommentarer:

Besta sa...

Fine kjørel!Det tilbodet såg eg ikkje. Vi treng fleire asjettar fordi den nye oppvaskmaskina tek så mykje meir enn den gamle, så det går fleire dagar mellom kvar gong vi vaskar opp. Vi har to frokostservise som vi brukar når vi har gjestar, men til kvardags går det på "litt av kvart"- Eg finn sikkert noko kvitt og nøytralt som ikkje kostar flesk!

Elin sa...

Gratulerer med fine koppar! Du må gå inn på denne linken
http://9nassmutthull.blogspot.com/
og sjekke korleis ho har ordna oppskriftene sine i "gastronomiklubb" på høgre sida, klikkbare oppskrifter, oversiktleg. God ide?
Ha ein fin dag!

arieldog sa...

Men kva gjer ein med alt det gamle - og heile? Somme ting knuser aldri... Kjempestilig servise - har sett det eller eit liknande i ein katalog. Hels god tur til gutta, forresten. Vi sjåast kanskje blant duene?

Besta sa...

Kjenner igjen litt arvegods mellom alt det gamle. Nei, somme ting greier ein aldri å bli kvitt. Og viss ein først knuser noko, er det ikkje den "rette tingen!
Når barna flytter heimefrå, kan dei få med seg litt gammalt, men det er så mykje rimelig å få kjøpt, så det blir vel "bruk og kast" ?

STRIKKEMOR(O) sa...

No blei eg misunneleg! Veldig fint sett som eg har sett på eg og, men eg trur eg har for mykje kjørel til at eg kan kjøpe desse..? Ikkje var dei kjempebillege heller, men sikkert bra kvalitet! Likar godt den fasongen på koppar og asjettar.

solveig sa...

Eg har ikkje kjøpt kvardagsfat siste 25 åra. Har greidd meg med
8 blå asjettar + arvegods frå Starevegen(kjøpt til min konfirmasjon?) og Solund. Så no slo eg til med Porsgrunn Porselen. Sjekka på www.glasoginterior.no at eg ikkje vart lurt. På Christiania Glassmagasin har dei ofte same tilboda som coop. Framhald følgjer.

Besta sa...

Eg fann fire asjettar på sal på Glasmagasinet i dag, som passar til krusa våre,Tiger og Zebra,som vi brukar kvar dag. (For dei som ikkje veit det:Kven er tigeren og kven er sebraen?)Vi treng ikkje å ha så mange av kvar sort, vi kan ha litt variasjon i kvardagen. Forresten hadde dei ikkje fleire.