søndag 17. februar 2008

Stygg sykje

Ikkje sidan millenniumskiftet har nokon her i familien lagt ein heil dag. Markeringa av det nye tusenåret gjekk meg hus forbi. D.v.s. eg fekk med meg alt som skjedde via fjernsynsskjermen frå Maori og utover, men ikkje det som skjedde her. Øystein og eg låg i kvar sin ende av buesofaen i fem dagar og konkurrerte om kven som var låkast, altså kven som slapp å reise seg. Eg treng vel ikkje seie korleis det gjekk. Snille naboar tok med seg dei to eldste ned på kaia.

Trøysta etterpå var at no skulle ein vere immune mot influensaen i kanskje 10 år fram i tid. Det har vi flote på hittil. Men fredag gjekk Øystein heilt ned for telling og låg heile dagen med forkjølelse, feber og verk i kroppen. Framleis slit han med slappheit og hoste. Det store spørsmålet står att: Kva med oss andre???? Olaug og Håkon har vore forkjøla og låke i halsen. No håper eg berre at eg slepp unna.......

2 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Håper du slepp unna og god betring til Øystein!

arieldog sa...

God betring, ja! På jobb har det vore mykje sjukdom i det siste både blant elevar og lærarar. Eg går sånn halvvegs og ventar og kjenner på eit kvart, men ein kan jo håpe på å gå klar.