Forfattaren av denne boka er fødd i 1958 i Beijing. Ho hadde sitt eige radioprogram der fram til 1997 då ho flytta til London.
Den engelske tittelen på boka er "A message from an unknown Chinese mother". Ein kan seie at dette er ei bok med ulike adopsjonshistorier. Men då ville ein gjort boka urett. Den handlar om så mykje meir!
Kva er det i den kinesiske kulturen som gjer at landet gir frå seg 120 000 jentebarn? Forfattaren viser oss at det er komplisert. Ein del av forklaringa er knytta til historia og kvinna sin verdi i dette samfunnet.
I bondesamfunnet må familien få ein gut for å få ein åkerlapp å leve av. Ei jente betyr "sveltihel", så her har ein plikt til å kvitte seg med jentebarn slik at det eine barnet ein let vekse opp er ein gut. Å kaste dei nyfødde jentebarna rett i ei bøtte vatn før dei får trekkje pusten, vert sett på som ein human metode.
Prøver ein, som forfattaren, å adoptere eit jentebarn når ein allereie har ein gut, vert ein fråtatt alle rettigheiter, også arbeidet. Det vil føre til at guten kanskje ikkje veks opp heller.
I fleire år er det lett å adoptere jenter til vesten. Takknemlege amerikanske adoptivforeldre sender filmar med veslejenta si tilbake til barneheimane. Dette gjer kanskje at fleire mødre vert freista til å sende jenta si til vesten og eit liv som "prinsesse"?
Eg har lese dokumentarbøker frå Kina før. Så eg veit kva som førte til eittbarnspolitikken. Det var kanskje eit nødvendig grep. Men den har absolutt sine offer.
Det skin gjennom at forfattaren er journalist. Ho belyser saka frå mange vinklar gjennom historier, brev og eigne opplevingar.
Eg meiner dette er ei viktig bok. Den er i kategorien "Les ei bok og bli klok".