torsdag 30. september 2010

Bringebærkake

Inspirert av meg sjølv, gav eg meg i kast med kakebaking i går.  Eg ville prøve oppskrifta på blåbærkake.  Den vi laga på skulekjøkenet vart blå i heile botnen.  Var det på grunn av at vi brukte frosne bær, eller fordi dei hadde fått tine for lenge på kjøkenbenken.  Ting tek tid på skulekjøkenet.

Sjølv bakte eg på vanleg måte, men venta med å hente bringebær frå frysaren heilt til røra var ferdig.  Som de ser vart ikkje kaka mi raud!  Ei venninne kom innom på kaffi.  Då serverte eg kaka med vaniljekrem og krem.

Det vert nok litt kake i dag og, for som kjent likar eg ikkje å bake små kaker, så eg dobla oppskrifta. 

Ein fordel med denne kaka er at ein som regel har ingrediensane i hus.  I enkelte kakebøker er det ein eller annan spesiell ingrediens i alle kakene.  Då står ein fast om ein skulle få lyst til å bake.  Etter ein har handla, er kanskje inspirasjonen vekk.

onsdag 29. september 2010

Ja takk, begge delar!

 Fiskaren i familien har etterlyst kveitemiddag.  Eg har sagt at han må ikkje dra heim så mykje lange, makrell og lyr viss det er kveite han vil ha.  I dag tok vi opp kveite. Men så begynte diskusjonen; skal kveita steikast eller kokast?  Kva er best?  Eg både steikte og kokte kveite, og vi er framleis usamde om kva som er best ...

tysdag 28. september 2010

Blåbærkake

Då restane av denne kaka kom på lærarrommet, var det nokon som ville vite kvar eg hadde plukka blåbæra.   Eg måtte som sant seie at dei var plukka i frysaren til Prix.  Det må vere lov!

Når ein har baka ein del, ser ein fort om ei oppskrift er grei.  Dette er ei heilt vanleg kakeoppskrift der ein rører smør og sukker kvitt.  I staden for blåbær kan ein bruke andre sortar bær eller frukt.

Ingrediensar

200 g smør
3 dl sukker

4 stk egg

1 dl mjølk

4 ½ dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker

ca. 2 dl blåbær , evt. solbær, bringebær eller jordbær
(Vi brukte heile pakken)
 
Slik gjer vi:
Rør smør og sukker kvitt. Ha i eitt og eitt egg. Tilset melka vekselsvis med mjøll blandet med bakepulver og vaniljesukker.


Fordel røra i en bakepapirkledd, liten langpanne. Dryss over bæra (evt. frosne bær treng ikkje å tine først). Steik kaka ved 175 °C i 30-35 minutt.

Kaka er svært saftig og smakfull. Den er også fin å fryse.

Vi serverte kaka med krem.

Kjelde: http://www.matprat.no/artikkel.aspx?artid=3308

måndag 27. september 2010

Bok 43: Fæl og fengjande

Forfattaren av denne boka er fødd i 1958 i Beijing.  Ho hadde sitt eige radioprogram der fram til 1997 då ho flytta til London.

Den engelske tittelen på boka er "A message from an unknown Chinese mother".  Ein kan seie at dette er ei bok med ulike adopsjonshistorier.  Men då ville ein gjort boka urett.  Den handlar om så mykje meir!

Kva er det i den kinesiske kulturen som gjer at landet gir frå seg 120 000 jentebarn?  Forfattaren viser oss at det er komplisert.  Ein del av forklaringa er knytta til historia og kvinna sin verdi i dette samfunnet. 

I bondesamfunnet må familien få ein gut for å få ein åkerlapp å leve av.  Ei jente betyr "sveltihel", så her har ein plikt til å kvitte seg med jentebarn slik at det eine barnet ein let vekse opp er ein gut. Å kaste dei nyfødde jentebarna rett i ei bøtte vatn før dei får trekkje pusten, vert sett på som ein human metode.

Prøver ein, som forfattaren, å adoptere eit jentebarn når ein allereie har ein gut, vert ein fråtatt alle rettigheiter, også arbeidet.  Det vil føre til at guten kanskje ikkje veks opp heller.

I fleire år er det lett å adoptere jenter til vesten.  Takknemlege amerikanske adoptivforeldre sender filmar med veslejenta si tilbake til barneheimane.  Dette gjer kanskje at fleire mødre vert freista til å sende jenta si til vesten og eit liv som "prinsesse"?

Eg har lese dokumentarbøker frå Kina før.  Så eg veit kva som førte til eittbarnspolitikken.  Det var kanskje eit nødvendig grep.  Men den har absolutt sine offer.

Det skin gjennom at forfattaren er journalist.  Ho belyser saka frå mange vinklar gjennom historier, brev og eigne opplevingar.

Eg meiner dette er ei viktig bok.  Den er i kategorien "Les ei bok og bli klok".

søndag 26. september 2010

Vegen og funnen for lett

I dag plukka frøkna inn ein av dei søte piggsvinungane for å vege han.  Det skal nok godt gjerast at han vert 750 g og greier vinteren.  No matar ho han med ulike typar kattemat.  Skal tru om ein varm oktober gjer at han legg seg i dvale seinare?

Dei fem finaste IV

 Eg reknar med ar dette vert årets siste "Dei fem finaste", altså siste hagevandringa.  Haustblomstrane står no i blomst.  Eg bruker å seie at ein set størst pris på deiførste og dei siste plantane som kjem.

 Haustfloks.

 Fleire potteroser frå i vår står med knuppar og blomster.
 I år har eg ikkje så mykje skvåsj.  Eg rekk å ete dei og gje dei vekk før dei vert for store.
 Dei spanske margerittene har kome i ny blomst.
 Daturaen.
Pasjonsblomsten har blomstra i heile sommar.

I dag har eg bretta opp ermane og retta ein heil bunke bokmålsstilar.  Tiandeklassingane søv seg ut i morgon.  Men tysdag er dei her, og då vert det utlevering av det dei skreiv den dagen alt skar seg. Nokre straumbrot gjorde at datamaskinene var ute av drift.

Eg har ikkje laga middag i dag.  Det er berre vi damene som er heime.  No satsar vi på fersk fisk til kvelden når fiskaren kjem heim frå sjøen, mannen i huset frå Oslo og journalisten frå Aafk-kamp der han arbeider for VG nett.

Eit ferskt brød vart det til lunsj.  Eg laga poolish i går kveld til landbrød.  Det vart utruleg godt!

laurdag 25. september 2010

Støvlar

Førre laurdag var frøkna og eg på støvlejakt her i bygda, men fann ikkje nokre vi likte.  Så fekk vi høyre om den nye sko- og regnkle butikken i Ørsta.  Eg har sett dei har hatt liknande i næraste by, men ikkje eit slikt utval!  Det vil seie, i lav modell gav fargen seg sjølv.

I dag har vi hatt strålande ver. Skal vi tru på Indian summer?  Det er vel gale å kjøpe seg noko og seie at ein håper ein ikkje får bruk for det på ei stund?  Derimot ser eg fram til å kome på jobb med tørre strømper når det vert slapseføre før jul ein gong ...

fredag 24. september 2010

Sjokoladekake med appelsin og valneter

I dag hadde eg nokre tiandeklassingar med meg på kjøkenet.  Dei hadde fåttt velje fritt kva dei ville lage.  Ei av dei hadde funne denne oppskrifta på tine.no.  Eg ser at i ein del moderne oppskrifter er smør erstatta med mager kesam.  Kaka blir då magrare, men med rikeleg sukker, så noko slankekost er det ikkje.
Rund form 24 cm eller lita langpanne.

3 egg

2 dl sukker

1 dl hvetemel siktet
½ ts bakepulver
½ dl kakaopulver
2 ts vaniljesukker
¼ ts salt

3 dl TINE Kesam Mager eller Kesam Naturell
1 appelsin , rive skal av
50 g hakka valneter

Set omnen på 200 grader.

Visp egg og sukker til eggedosis.


Bland sammen dei tørre ingrediensane og vend dei i eggedosisen saman med Kesam, rive appelsinskal og hakka neter. Rør lett til alt er blanda.

Hell røra i en godt smurt form og stek ho ca 30 minutt.

Server kaka kald, gjerne med krem og bær til.
 
Vi piska krem til kaka.  Pyntinga la eg meg ikkje bort i.  Eg synest det var godt påkome å bruke resten av appelsinen og pynte med heile valneter.

torsdag 23. september 2010

Utstyr må prøvast II

Dette utstyret stod med glans!  Her er ingen gummiringar som på tilsvarande utstyr til Kenwooden.  Lett å reingjere i oppvaskmaskina.
Eg har lagt ut oppskrift på smoothie før. Dagens variant var med
1 banan
2 dl eplejus
1/4 l jordbæryoghurt
1/2 pk frosne jordbær

Dette er ein fin drikk for dei som kjem att frå trening!

onsdag 22. september 2010

Ungdomsskulebollar

Onsdagane har vi ei kantinegruppe som lagar noko "kosemat".  Vi har prøvd med ulike bollar, og kome fram til at desse er både populære og enkle å lage.  Vi som har prøvd litt forskjellig, har opplevd rosiner som flyt i gangane, og vi veit kor mykje rot og søl som følgjer med vanlege skulebollar.  Desse kan eg trygt anbefale.  Eit lite atterhald: Eg har hatt i sjokoladebitane.
2 pk raud gjær

250 g smelta smør
12 ½ dl mjølk
3 dl sukker
2 ts kardemomme
2 kg kveitemjøl
vaniljekrem
kokesjokolade

1. Smuldre gjæren i bakebollen. Bruk stor kjøkenmaskin.

2. Varm mjølka til 37 grader og hell over gjæren.

3. Ha i resten av ingrediensane og elt deigen smidig og jamn i maskina.

4. Set deigen til heving. Han er ferdig når han når kanten av bakebollen.

5. Del deigen opp i emne på 100 g og trill glatte, sprekkfrie bollar. Trykk dei litt flate.

6. Set omnen på 225 grader.

7. Lat dei heve til dobbel storleik, ca 25 minutt.

8. Lag ei grop i midten av bollane, og fyll ho med ein bit sjokolade og litt vaniljekrem.
   (Eg klipper eit passeleg stort hol i ein "Piano"-pakke.)
9. Steik bollane i 10-15 minutt, og avkjøl dei på rist.


tysdag 21. september 2010

Bok 42: Heilslakt?

Observante blogglesarar har kanskje fått med seg at eg har lese denne boka, og ikkje likt det eg har lese.  Midt i boka hadde eg mest lyst til å legge den frå meg.  Men så bestemte eg meg for å fullføre lesinga for så å slakte boka etterpå.

Kva er det som er så ille?

Historia er enkel.  Slekta til hovudpersonen palestinaren Amal frå 2. verdskrig og fram til i dag.  For kvar krig eller urett det palestinske folket lid under, ramnmar det ein eller fleire familiemedlemar.  For å ikkje vert heilt partisk, let forfattaren eine broren hennar verte kidnappa av ein barnlaus jøde, slik ar han veks opp som David. To brør kjempar i same krig på kvar si side.  Det får fram kor meiningslaus krig er.  Eit arr gjer at dei seinare kjenner han att.

Det som er interessant med boka, er den politiske historia sett frå palestinsk side.  Tiandeklassingane våre besøker no konsentrasjonsleirane frå 2. verdkrig.  Boka stiller spørsmål om palestinarane får lide for jødane sine lidingar.  Når ein får høyre om enkeltskjebner i desse krigane og nedslaktingane, vert det sterk kost.

Men så er det språket det vert fortalt med.  Uttrykk som "Hjertet hennes blir fylt av kjærlighet", vert berre heilt feil til krigsskildringar.  Og liknande uttrykk er boka full av.  Det vert klissete, og ein assosierer dei med onsdagsfilmen på TVNorge med Melissa Gilbert i hovudrolla.

Synsvinkelen skiftar mellom ei allvitande forteljarstemme i nokre kapittel, og Amal si stemme i andre.  I tillegg får vi informasjon gjennom brev. I lydboka er dette løyst med ei mannsstemme og ei kvinnestemme.
Ikkje overraskande er forfattaren sjølv palestinar som har utvandra til USA.

måndag 20. september 2010

Nytt forsøk


Blogglesarane hugsar kanskje at eg sleit med å legge MP3-filer inn på MP3-en min.  I rein irritasjon leverte eg attende "Drømmehjerte" på biblioteket.  I dag låg omtrent alle lydbøkene eg ikkje hadde lese, nettopp i MP3-format. 
Ein får berre prøve igjen.  Og så plutseleg kjem det opp nokre sider eg ikkje har sett før!  Her er det berre å følgje instruksane!
Filene legg seg over på MP3-en i rett rekkjefølgje!  Eg får berre forevige augneblinkjen, så kanskje eg finn att same sida neste gong.
Her legg det seg til og med bilde av boka inn på skjermen på MP3-en.  Det er tydeleg at eg har gjort det på rette måten.

Høyrer eg kommentarar om bruksanvisning?  At ein bør lære seg flest muleg funksjonar med ein gong ein har kjøpt seg noko nytt?  At ein bør ta vare på ekstrautstyr og bruksanvisninga ein stad ein finn det att?

Ja, ja det er dette med å følgje sine eigne råd ...

søndag 19. september 2010

Senka skuldrer

I dag hadde eg behov for å senke skuldrene og nyte kviledagen.  Eg ser på Facebook at det har vore mykje fårikål rundt om i heimane.  Her vart det restemiddag sidan vi hadde svinekotelettar og blomkålsuppe i går då alle var heime.  No har fiskaren kome heim med ei lange på 4 kg og eit knippe makrellar.  Makrellane har eg kokt i saltvatn med eddik og pepar i, såkalla "sylta makrell".  I morgon er det berre å sette på poteter og lage agurksalat.

laurdag 18. september 2010

Kva pønskar du på pus?


Lucy forstår ikkje, eller vil ikkje forstå, at ho ikkje kan ligge på rygg på stovebordet oppå den nye løparen.  Ute regnar det slik at det renn ei elv bak huset.  takrennene greier ikkje å ta unna alt vatnet.  På YR kan ein sjå at regnetveret skal halde fram til og med neste helg.

Utstyr må prøvast!

Når ein har kjøpt seg noko nytt, er det alltid lurt å teste ut alle funksjonar.  Det var ikkje lite ekstrautstyr som følgde med! Eg investerte i ei hendig handlekorg på Nille i dag.  Ein ting hadde eg på den gamle maskina, men ikkje denne, nemleg eltekrok.  Til baking skal ein bruke kniven.  Det måtte sjølvsagt prøvast.
I går laga eg ein vanleg fin grunndeig som eg trilla ut til rundstykke.  Dei forsvann fort!  Kniven knar deigen så godt at dei hevar og vert svært lette og fine.
I fredagsbilaget til VG i går fann eg denne oppskrifta til Schakenda. 
Eg trur ikkje han følgde si eiga oppskrift.  Eg og var raus med fyllet, for å seie det sånn.  Ein får ha i det ein liker og så mykje ein liker.  Eg brukte mi eiga oppskrift på bollar der eg erstattar noko av smøret med eit egg.
Viss ein ikkje vil at dei skal heve inn i kvarandre, må ein steike på to plater.

Er dette heksesuppe?

Denne veka har vi laga minestronesuppe på skulekjøkenet.  Desserten har vore surmjølkslappar (repetisjon av røre).  Ein av elevane synest å kjenne att suppa: Er dette heksesuppe?  Då forstod eg kvar læraren på barneskulen (Bigset?) hadde funne oppskrifta!  Og ho er nokså lik den vi brukar på ungdomsskulen.
Eg har reklamert for denne boka før.  Det er ei kokebok for barn som inneheld oppskrifter for heile familien.  Det er enkel mat som er pent framstilt etter årstidene.  Om boka er i handelen lenger, veit eg ikkje.
Mi erfaring er at nokre elevar er skeptiske på denne suppa, heilt til dei smakar ho!

fredag 17. september 2010

Leiketøy for vaksne damer?

Arbeidet bør i alle fall gå som ein leik med denne maskina!

Flust lokka med gratis porto denne veka, så no hadde eg endeleg nok trumf til å få denne foodprosessoren som eg har ønska meg lenge.  Det er den einaste eg har sett som har såkalla Cube Cutter-funksjon.  I dag måtte den sjølvsagt prøvast.  Det vart til at eg laga minestronesuppe med små bitar av poteter, skvåsj og gulrot.

P.S.
Den gamle foodprosessoren, som eg har kome fram til er 17 år, har eg gitt vekk.

torsdag 16. september 2010

Over Eidet etter bøker?

For å vere heilt ærleg, så var vel bibliotekbesøket helst eit påskot for å også stikke innom butikkar med 40 og 50% på alle varer.  På biblioteket var eg einaste kunde.  På Amfi var der ikkje verande.  Parkeringsplassen var full på kveldstid. Når eg ser fleire lange køar framfor kassene, snur eg i døra.  Då får sal vere sal.

onsdag 15. september 2010

Stor stas i stova

Om eg hadde kalla gårsdagens innlegg "Velkomen etter I", så kunne eg ha kalla dagens innlegg "Velkomen etter II".  Eg får ting slik eg vil ha dei.

Riks-TV har no bestemt at om ein er kunde hos dei, kan ein få sjå kanalane deira i alle rom utan å betale ekstra. Om det var fire TV ekstra ein kunne ha eller fire til saman, hugsar eg ikkje.  For her vert det i tre rom.  Fotballkampar og TV2 kan ein no sjå på romma i kjellaren! No må eg berre kjøpe to ekstra kort som kostar 200 kr stk, ei eingongsinvestering.  Thank you Riks-TV!

tysdag 14. september 2010

Meldt meg inn

I går melde eg meg inn i ein bokklubb etter min smak.  Ein må bestille bøker, ikkje avbestille!  For kvar bok du kjøper til normal, litt nedsett pris, kan du kjøpe ei rimeleg bok.  Elles får du informasjon på e-post.  Du må vere medlem, d.v.s. motta e-post i eitt år.  Haken ved dette?  Ein kan vel verte freista ...

Sjekk her: http://www.litteraturklubben.no/general/display.asp?iFileID=1141693&sKey=000&title=Forsiden

måndag 13. september 2010

Lik pris!

Coop har kome med økologisk ekstra lett mjølk til same pris som Tine si mjølk med D-vitamin (kr. 14,40).  I følgje mjølkedrikkarane smakar mjølka svært godt. Eg lurer på miljøgevinsten når mjølka vert køyrt frå Røros.

søndag 12. september 2010

Bok 41: Nummer 7 i serien


Det vart til at eg kasta meg over denne boka for å ha underhaldning til bærplukking og husarbeid.

Dette er den sjuande romanen med førstebetjent Frølich og Gunnarstranda. Eg har lese nokre av dei tidlegare. Denne innfrir forventningane.  Romanen er underhaldande, men manglar det vesle ekstra.  Terningkast 4 frå meg.

laurdag 11. september 2010

Husmordag

I fjor kjøpte eg meg ny saftkokar og brukte han mykje.  I år har vi ikkje så mykje bær, men det har vorte nokre runder med saft.  Eg fyller kokaren med bær og 1 kg sukker.  Den første safta er finast, så den puttar eg i frysaren til seinare bruk.  Resten har eg i muggar og set i kjøleskåpet.  I dag plukka vi mest grøne stikkelsbær som gir oransje saft.

Til middag laga eg kyllingforma som de kanskje hugsar frå i vår.  Kjøtdeigen var av typen Deal, eller få attpå som eg kallar han.  Denne forma vart til overs, og eg har gøymt den til i morgon.  Journalisten skal relativt tidleg på jobb.  Så då kan han få litt til lunsj.
Slik såg brøda ut i min barndom.  Dei sprakk litt i dag, men det er betre enn at dei vert smuldrete.
Dagens fangst.  No har fiskaren nettopp kome heim med to langer og ein hai.  Sjekk blikket! Haien vert kattemat om blogglesarane ikkje har eit betre forslag!