torsdag 26. juni 2008

Dei nye tinga frå 80-talet

I dag ringte eg til Ulsteinvik for å høyre om MP3-spelarane hadde kome. Nokon bomtur hadde eg ikkje lyst på i det fine veret. Jammen hadde dei skaffa MP3-spelarane! Dei var med i ein stor annonse på baksida av Vikebladet, så eg hadde kommentarar klar i tilfelle det motsette hadde vore tilfelle... Så no er bilferien redda! Dei to i baksetet slepp å høyre på foreldra sin musikk!

Dei gullelokserte brødformene mine som var flotte på tidleg 80-tal, har eg no innsett har sett sine beste dagar. Når eg har laga karamellpudding, har eg smelta sukkeret rett i formene. Brøda har begynt å sette seg fast i formene. Derfor har eg laga brød i langpanna i det siste. Sidan eg først var i Saunesmarka, stakk eg innom Jernia og kjøpte 3 slike former. Eg synest det var kjekt med ny fasong. No går det berre to former i steikeomnen om gongen, men som de ser, kan eg lage større deig enn den på 1,1 l væske som eg gjorde. Eg kan nok trygt lage deig på ca 1,3 l væske og 2 kg mjøl. Det er høveleg i Kenwooden. Sleppbelegget var kjempegodt! Først smurde eg med margarin, så prøvde eg å spraye olje. Begge deler gjekk heilt flott! Formene er dessutan heilt "reine" etter bruk, så med jamn bruk ser eg ingen grunn til å vaske dei i tide og utide.

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg brukar framleis dei gull-elokserte og det går fint. Men så har eg heller ikkje baka så mykje brød eller laga karamellpudding slik som du. Dessutan har eg papir i botnen på formene.Det skiftar eg heller ikkje ut for kvar gong.

Elin sa...

No fekk eg lyst å byte ut brødformene eg og, eg har 3 elokserte som har blitt brukte til både å brune sukker og steike brød. I dag prøver eg komparoppskrifta frå Matminne (den med potetmos). Eg er spent på resultatet. Eg skal "jobbe" meg gjennom den boka, har lånt ho på biblioteket. Så får de ha ein fin ferie då! Og - dei peonane er berre heilt nydelege!

solveig sa...

Eg anbefaler brødformene! I dag baka eg med 2 kg grovbakst. Det vart 2 store brød. Eg spraya formene, men det er ikkje sikkert det hadde vore nødvendig.