søndag 15. juni 2008

Grei krim

No har eg lese ut denne krimboka. Eg har slite ein del med spanske namn. Kanskje det seier noko om hjernen min?

Eg kan også skulde på at det er ei bok i ein serie. Viss eg les ei bok til, kjenner eg helten.

Kanskje eg skal gjere som mamma; Skrive til lydbokforlaget at dei må legge ved ei namneliste, eller kanskje berre ein link på internett, slik at ein kan få ordbilde av namna!

2 kommentarer:

Besta sa...

Denne boka har eg faktisk lese, men hugsar ikkje anna enn tittelen! Som regel er det DEN eg ikkje hugsar. Så mykje krim som er har lese siste åra, tek eg meg ikkje nær av at eg hugsar så lite.Ein gong laga eg mi eiga rolleliste, men då må ein gidde det, og det gjer eg som regel ikkje.

Besta sa...

Eg har googla boka. Det er denne boka eg har snakka om som faktisk hadde ei rolleliste vedlagt då eg las den.Og som gjorde at eg greidde å "fordøye" den. Det kjem an på om nokon har kasta vekk den som skulle følgje boka "di".?