onsdag 25. juni 2008

Gratulerer Audun!

I dag kan vi gratulere Audun med sertifikat!

I gårkveld tok han bussen inn i Ørsta for å få ekstraundervisning med morfaren. I dag køyrde han opp. Vi andre oppheldt oss i Starevegen medan Øystein hadde eit par ærend i bygda. Erlend skulle til helsesøstra i Volda, så vi møtte Margrete og dei yngste borna.

Vi har mimra om då vi tok sertifikat, og som vanleg hugsar vi ulikt!

7 kommentarer:

arieldog sa...

Eg hugsar at det var høge brøytekantar i Melsbygda då eg tok sertifikatet. Den tida hadde vi ein slags generalprøve siste kjøretimen før oppkjøringa, og eg heldt på å kræsje så kjørelæraren måtte stå på bremsene. Oppkjøringa gjekk fint, trass i brøytekantane. Gratulerer til Audun, og pass godt på "lappen"!

solveig sa...

Eg strauk på køyretesten, og rakk ikkje å ta ny før oppkøyringa 3. august. Då stod eg heldigvis. Mamma hadde bake kake, ei med cottagecheesekrem som ho aldri har laga verken før eller sidan. Det var litt kli i botnen og ein sort raude bær til pynt/i kremen.

arieldog sa...

No kom eg på ei kake du brukte å lage med cottage cheese og svisker... Trur eg må ned i frysaren og sjå kva eg finn!

solveig sa...

Kjensla av at det er slutt på kake.... eg kjenner den!

arieldog sa...

Glimrande tittel på ei kakebok!

Besta sa...

Den kaka som Solveig skriv om, kan eg ikkje hugse. Den med svisker og Cottage cheese derimot hugsar eg at eg laga til 40 -årsdagen min.DEN har eg oppskrifta på. Her får kakene ligge i fred i frysaren. Tok opp litt Mor Monsen i forrige veke. Jula 2006 stod det på boksen.Enig med M. at det var ein fin koke-/bakeboktittel. Snakka med Heidi, ho skal ikkje skrive fleire kokebøker, Hans Olav la så på seg!

solveig sa...

Eg meiner eg har oppskrift på den, og at den var med gjær. Oppskrifta var til 2 kaker, trur eg. Det passar godt her, for då kan vi lage den firkanta!
Elles trur eg på at sukker er sterkt vanedannande. Etter alle avslutningar og geburtsdagar må ein inn i ei avvenningsperiode!