søndag 22. juni 2008

Midtsommar - eller Sonja og eg

Midtsommarbuketten skal vere i alle slags fargar, og ein kan blande inn ville blomster, las eg i avisa. Eg omtrent røska inn desse blomstrane frå hagen i høljregn i går. I dag har det skine opp så pass at vi fekk grilla grillmaten som var i ferd med å gå ut på dato.

2 kommentarer:

Besta sa...

Før feira ein midtsommar på jonsokaftan-er det forandra no?
Sonja og du har litt felles, bursdag dag etter dag, og så fotograferer de ferdigdekka bord.Skilnaden er vel at du må gjere det meste sjølv, mens ho kan delegere.Fin bukett forresten.

solveig sa...

Vi må vel feire jonsokaftan også...
Det skulle vere den lysaste natta, men her var temmeleg mørkt.
Sonja går vel helst rundt og rettar på det andre har gjort. Gaflane og knivane mine hadde nok ikkje vorte godkjende, men bildet vart tatt då gjestene svinga inn på tunet.