laurdag 14. juni 2008

Dans på roser

M og eg brukar å gjere blomsterkjøp i Kvalsvika kvar vår. I år var vi litt seint ute, så vi bestemte oss for å ta turen ut på planteskulen på Nerlandsøya først. Vi er flinke å støtte kvarandre. Begge enda opp med 4 rosebusker.
Sidan eg har planta opp i dei fleste krukkene mine, vart det ikkje til at eg kjøpte så mykje som vanleg på gartneriet i Kvalsvika. Flittig Lisene var 25 kr stk. God nok grunn til å kjøpe dei! Hengepetuniane skal eg plante i krukka eg fann på hageavfallsplassen. Slike hengepotter som på bildet under, heng der i stort utval. Det er berre vanskeleg å velje! Men uansett kva du vel, flotte er dei, og til 198 kr.
Vidare går turen til byen Fosnavåg. Første stopp er kaffi og ostekake. Deretter oppsøker vi omtrent same butikkane som i fjor. På eit glasmagasin fann eg 4 frukosttallerkar på sal. M viste meg ein Hadelandvase ho har ønska seg eit år. Den var på sal, så eg meinte ho måtte slå til. Ein skikkeleg "Fordi du fortener det"-dag. Og kor mykje pengar vi sparte! (Hm..)
Vel ein time etter heimkomsten, møttest vi att på den årlege ballettframsyning. Det var ein times tettpakka program. Ein ser at det ligg mykje øving og hardt arbeid bak.

Ingen kommentarer: