fredag 27. juni 2008

Vi har blitt begava

Vi har fått mange nyttige og kjekke gåver i det siste. I dag har eg arbeidd meg gjennom denne gåva produsert av http://www.saapesalg.com/. Nye klutar og såper gjer det kjekkare å vaske. Ein kjenner til slutt ikkje lukta dersom ein brukar same parfymen heile tida. Men eg ville lyge om eg sa at eg vart like inspirert av såpene som av brødformene.

3 kommentarer:

Besta sa...

Ja, då er du ikkje lik mor di. Eg elskar å vaske og rydde men ikkje bake og rote. Eg tenkjer med lengsel tilbake til sprekare dagar då eg kom heim frå siste skuledag om sommaren, snudde meg halvt rundt og begynte å vaske. Herlig!

arieldog sa...

Eg prøvde å klikke inn på linken din, men då kom kommentaren "fann ikkje tenaren". Han var vel ute og vaska.

solveig sa...

Maskina laga linken. No har eg retta den til .com i staden for .no!
Elles likar eg at det er vaska. I går vaska eg kjøleskåp. Det er kjekt etterpå, og det er greitt arbeid. Men det er kjekkare å lage mat. Vaske etter seg må ein då og, og då kan det vere lite freistande å begynne med dersom det er nyvaska i utgangspunktet.