onsdag 4. juni 2008

Varme dagar

Varmen gjer at ting skjer fort i hagen. Den første peonen har sprotte ut. Dei fylte sortane vert så tunge at dei treng støtte. Denne har eg plukka inn og støtta opp med ein pinne og ei klemme. Vi skal pynte med den på fredag.

Eg er aller mest glad i dei lysrosa peonane. I fjor plukka eg ein stor bukett og gav til naboen min som passa engletrompeten, før eg reiste på ferie. Ho fekk dei medan dei stod i knupp og hadde hatt glede av dei lenge. I år håper og trur eg dei kjem tidlegare.
Desse små liljeblomstrane held no på å sprette ut.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Du har mykje fint i hagen.
Eg har skrive litt i Besta sin blogg om peonar m.v. Løytnantshjerter kalla vi "Bevende hjerter" då eg vaks opp. For 2 år sidan planta vi klatreroser ved den kvitkalka garasjeveggen mot vest. Besten hadde eit sværa strev først med å fjerne spirea-røter som var planta der tidlegare. Skal legge inn på bloggen vår når dei kjem i blomst. Eidabesta