fredag 6. juni 2008

Rosa og raudt

Vi pynta med raudt, rosa og grønt i dag. Fruktspyda med jordbær, druer, kiwi og pære, var populære. To jenter skulle vekk i helga, så det vart ein gjeng på åtte. Tre av dei toler ikkje kiwi. Eg trudde det var ein sjeldan allergi, men det smittar vel litt. Olaug visste om det, så vi kjøpte pærer til nokre av spyda. Elles spanderte eg tre peonar (av 4).

3 kommentarer:

arieldog sa...

I min/vår oppvekst kan eg hugse kor vi plukka inn blomar frå hagen til selskapspynting. I Storgata i Volda går eg dagleg forbi ein hage der dei har MANGE peonar i den knallrosa fargen du har, og så har dei ein stor rododendron i same farge eit stykke bortanfor. NYDELEG!

Besta sa...

Sissel "inviterte" meg til å komme og sjå på hagen hennar mens rhododendronen blomstrar-ho har minst 30 stk.i lilla-rosa! Men no har eg ikkje sett henne att, ho er vel oppteken med påbygginga av huset.Det var eit lekkert bord de hadde pynta. Du har i alle fall ikkje lært det av opphavet. Her har vi meir sans for mat enn for pynt!

solveig sa...

I dag fekk eg høyre at fruktspyda var ein suksess. Jordbæra freista nok, men dei såg betre ut enn dei smaka. Ein fin aktivitet for geburtsdagsbarnet å lage til.
Peonrota mi kjøpte eg for tre år sidan. I år kom det 4 blomster, så det er helst gamle hagar som har overflod. På blomsterbutikken her hadde dei tilbod på 3 lysrosa for 49 kr. Dei bør plukkast inn i knupp, eigentleg.