I dag har Håkon spelt kamp mot Åheim, 4-4. Juniorlaget vann 6-0 over Volda. Eg prioriterte hagearbeid. Siste hand måtte leggast på krukkene. Skvåsjen skal ut, men ikkje i steikane sol, og ikkje i kuling. Åkeren er luka og klar. Finn eg fram fiberduken, vert det vel relativt trygt å plante han ut.
No er det fotball i stova. Håkon har fått på seg Nederland-T-skjorta. Eg har tre DVD-ar eg gler meg til å sjå!
6 kommentarer:
Her er fotballfri sone på TV med Gubben bortreist. Eg har sett film, som du såg på bloggen min, og så går det i "dameprogram" på Tv eller lesing av bok. Ungane har jubla etter at regnet kom, for dei får ikkje spele data o.l. når det er fint ver...
Hadde det ikkje vore for at Øystein også vil sjå filmane, hadde han vore jaga ned i kjellaren for lengst.
Forrige veke hadde TV-2 forstått det. Dobbeltepisodar av "dameseriane" etter sport!
Sånn vil vi ha det!
p.s. Mitt blogginnlegg var inspirert av ditt.
Eg såg Tudor -har ikkje tal på alle filmar/seriar eg har sett om Henrik 8. og alle damene hans.Men denne gongen hadde dei gjort kongen yngre, penare og med moderne frisyre, kva dei no meiner med det.Strevar litt med den Ian Rankin-boka. Ikkje fordi ho er verken kjedelig eller vanskeløig, men der er så mange namn på folk og stader å halde greie på.Skotske namn!At dei ikkje kan lage "rolleliste" til lydbøkene! Eg har skrive det til dei.
Irriterande når det blir for mange senge- og fektescener, synest no eg. Og kongen var "ulik seg sjølv"...
Syntest at serien var veldig "tynn"-dei verkelige konfliktane i tida og miljøet får ein liksom ikkje heilt taket på.Måtte sjekke om dette verkelig var ein britisk produksjon, og det var det.Varg Veum i austlandsk utgåve har eg motforestillingar mot, men kjem vel til å bite på.
Eg vil ikkje bli hekta på seriar i sommar. Henrik VIII har eg og sett mykje av. Det vert altfor lite tid til å sjå Viasat-filmar. Elles er kjellaren full av filmar. Når karane skal kose seg, kjøper dei seg film og ser saman med kompisar. Då bør det drype litt på hybelvertane også.
Legg inn en kommentar