måndag 23. juni 2008

Varg Veum

No har eg sett filmar, lytta til lydbøker og lese bøker om Varg Veum: Konklusjon?

Varg Veum er best på lydbok! Lese på bergensdialekt, får ein Staalesen sin sarkasmar og språklege blødmer slik dei skal vere.

Filmane er absolutt grei krim! Men Varg er for pen og manglar dialekt. Det visste vi på førehand. Også at filmane er lagt til vår tid. Heilt flott så lenge ein ikkje har lese bøkene. Men vi likar Varg, og Floberg er flott som Hamre. Eit sammansurium av dialektar gjer at ein lurer på om filmane er laga for utlendingar! Eg trur ikkje eg har lese dei første bøkene. Dei som har gjort det meiner dei er omskrivne. Først i siste scena i tredje filmen tyr Varg, og Hamre, til flaska.

5 kommentarer:

Besta sa...

Hittil har eg valt å ikkje sjå filmane. Eg vil helst høyre lydbøkene, dei har ein viss verdi som skildring av Bergens miljø og historie. Som krim? Nada.

solveig sa...

Og eg som hadde tenkt å ta dei med innover på onsdag?

Besta sa...

Berre ta dei med. Det er sikkert noko enda verre på TV. Men du veit no sjølv kor skuffa og desorientert ein blir av å sjå filmen etter å ha lese boka.

Besta sa...

Dessutan meiner eg i prinsippet at ein ikkje skal uttale seg om det ein ikkje har sett.

Besta sa...

No har eg sett dei tre filmane, så no kan eg uttale meg. Den første var d...dålig! Musikk og bråk som gjorde at det var mest uråd å forstå kva dei sa.Las kritikken på nettet, og dei hadde same meining. Nr. to var litt betre og nummer tre var heilt grei. Likevel meiner eg framleis at bøkene er best.Men det MÅ vere lydbok.