måndag 19. april 2010

Bibliotekrunde

I dag fann eg ut at det var einaste ettermiddagen eg hadde sjanse til å kome meg over Eidet denne veka.  Eg fekk levert inn att bøker både på Hareid og i Ulsteinvik.  Som de ser, lånte eg nokre nye.  Begge dei to øvste er seriebøker.  Sjølv om dei kan lesast kvar for seg, har eg lyst å lese dei i rett rekkjefølgje.  Jorun Thørring si trur eg er den førstei serien.  Den andre får eg legge på vent.

1 kommentar:

Besta sa...

Dei to øvste har eg lese. Indridason sine bøker likar eg godt, men denne er ikkje den beste. W.likar også veldig godt islandsk krim, men desse bøkene har fått for lita merksemd samanlikna med andre.Jorun Thøring har eg også sansen for.