laurdag 17. april 2010

Bygg i brød

I gårsdagens dagblad dukka det opp ei dobbelside med Brimi som bakar brød og kaker.  For meg er dette ei kjærkomen avveksling til fotball og finans - for å seie det sånn.
Eg må med ein gong innrømme at eg ikkje følgde oppskrifta, men heller let meg inspirere av ei av oppskriftene, nemleg den som heiter Viavangbrød.  Medan Brimi bakar med Skjåkmjøl, brukar eg sjølvsagt mjøl frå Volda Mylne.  Dette sammale byggmjølet ersvært sunt og med høgt fiberinnhald.

I ei oppskrift med 5 dl væske (vatn), bruker Brimi 2 dl byggmjøl og resten (10 dl) kveitemjøl.  Ein kan ikkje ha så mykje bygg i brød sidan det ikkje inneheld særleg med gluten. Elles treng ein 1/2 pk gjær og litt olivenolje.

Eg laga deigen i brødbakemaskina.  Eg berre velta den ned på bakepapiret som eg hadde litt olivenolje på og forma brødet lett.  Utsjånaden vert dermed litt underordna.  Brødet smakte godt.  Det passa godt til minestronesuppa.  Elles høver det godt til egg og spekemat vil eg tru. 

Ein annan kommentar til Brimi si oppskrift: 1 ms salt?  1 ts må vere nok.

Ingen kommentarer: