Vaksne kan seie mykje rart til dei som nettopp har fått småsøsken. For snart 13 år sidan fekk 3-4-åringane spørsmål om dei ville byte småsøsken. Det ville dei gjerne. Jenta kunne godt tenkt seg ei syste, og her i huset var alle innstilte på ein bror, ja, dei påstår enno at han til og med skulle heite Bror, hadde vi sagt. Ein dag sat yngstemann og såg på frøkna: "Ho liknar no litt på ein bror". Då var han på gli. Ein ting er sikkert, at det å ha jamgamle søskenbarn som ein har jamn kontakt med, er veldig kjekt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar