søndag 4. april 2010

1. påskedag

Eg synest naturen er på sitt tristaste no. Alt er daudt.  Fargane er triste.
Heldigvis skal det ikkje mange snøfrie og solrike dagar til før naturen vaknar.  Eg fann ein einsleg hestehov under ei bjørk.  Eg var vaksen før eg såg denne planten som vi las så mykje om.  No har han flytta til Vestlandet også.
For kaninane må våren vere som å sleppe ut frå fengsel.  Dei får kome i utebur, og dei få gå i sele.  Gledeshoppa til Marlon i dag skulle ha vore filma.
I dag er siste dagen familien er samla her.  Journalisten skal på jobb i morgon og jobbe med tysdagsavisa.  Det vert nok ein liten arbeidsdag på meg og i morgon.  Eg har seks undervisningtimar tysdag.  Sjølv om eg har førebudd det grøvste, står det litt att.  Handla inn ferskvarer gjorde eg i går.

Ingen kommentarer: