søndag 25. april 2010

Kva gjer jobben med deg?

No har eg retta ferdig to tentamensbunkar, ein i hovedmål og ein i sidemål.  For å slappe litt av tek eg meg av og til ei butikkrunde i næraste by.  Eg veit ikkje korleis andre har det, men i ein slik retteperiode er det spesielt plagsamt for meg med plakatar fulle av skrivefeil.  Desse som eg har funne på facebook-sida pult ost og lamme lår, er berre (ufrivilleg) morosame!  Og slike handskrivne plakatar er vel berre framme ein kort periode. Men så kjem eg nær ein ny butikk i Ulsteivik som har fått laga ein dyr plakat: Noke for einkvar. 

4 kommentarer:

Anlen sa...

Kva med Amfisenteret sin "Hærlig tid"? Eg blir rett og slett norsklærar når den kampanjen går. Og eg er ikkje lærar....;)

solveig sa...

heilt herleg - eller ikkje. Ein må håpe at vanlege folk ser dette!

Besta sa...

Hærlig!-sikkert eit forsøk på humor.
Regionsavisa hadde fleire annonsar med dette ordet. Plakatar bør har rett ortografi. Privat syndar vi alle, med eller mot betre vitande.

solveig sa...

Folk får skrive som dei vil privat, men dei bør bli møtt med tekstar i aviser og bøker med rett skrivemåte ...