tysdag 27. april 2010

Bok 18: Siste Wallander


Då eg for over ti år sidan begynte å lese Mankell sine bøker om Kurt Wallander, hadde eg ikkje lese krim sidan eg las Hardyguttene.  Men etter den tid har det vorte mykje krim.

No har eg avslutta den siste i serien, og eg sit att med eit inntrykk av at forfattaren no vil avslutte serien.  Midt i boka tenkjer eg at ha kjem til å ta livet av Kurt Wallander, berre for å få slutt på alt mas.  Ingen kan krevje at han står opp frå dei døde. 

Eg har altså følgt krimhelten frå han var ung politimann.  Dei fleste bøkene er skrivne etter same oppskrift.  Der skal vere hendingar frå andre land, og helst kontinent, som skal gripe inn i historia.  Det skal helst skje fleire drap.  Denne romanen er ikkje noko unntak.

Linda, dottera til Kurt, har fått baby.  Svigerfamilien hennar er hovudpersonar i krimgåta.  Den kalde krigen er bakteppe.  Svigerforeldra forsvinn.  Kan ho ha vore spion?  Så forsvinn svigerfaren.

Vi møter ein aldrande Wallander.  Han reflekterer mykje rundt det å bli gammal.  Bestefarrolla er viktig for han.  Han mimrar også mykje kring gamle saker og gamle forhold.  Dette må vere boka for dei som ønskjer å vite slutten.

P.s.
- Han dør ikke, men det skjer noe som gjør at det ikke går an å fortsette, avslører Mankell om boken, «Den urolige mannen», som kommer i august i år.  Nrk

2 kommentarer:

Besta sa...

Det er ein kunst å slutte mens leiken er god! Det paradoksale er at den av HM sine bøker eg likar best, ikkje handlar om Kurt Wallander.Eg siktar til Danselærerens tilbakekomst.Elles har HM skrive vanlige romanar også som er minst like gode som krimbøkene.

solveig sa...

Eg trur lesarane har krevd nye bøker! Mankell har vel lyst å skrive andre bøker.