fredag 22. august 2008

Grei krim


Dette må kallast ei underhaldande krimbok. Typisk terningkast 4. Stemma som les er litt for monoton etter min smak. Helten er advokat med sans for damer og alkohol. Han har ei tenåringsjente og ein hund. Ikkje så særleg fantasifullt. Men eg les gjerne fleire bøker om han!
---
Eg ser at det er planar om filminnspeling. Vi får vente og sjå.

5 kommentarer:

Besta sa...

Dette er ei av dei mange krimbøkene eg har lese og gløymt! Men eg går ikkje lenger rundt og får dårleg samvit for at eg ikkje hugsar alt eg les(Det er MYKJE)- det er no ikkje penseumbøker heller.

solveig sa...

Temmeleg anonym, ja.

Besta sa...

Kom på at eg har lese fleire bøker av denne forfattaren -og likt dei. No les eg SNØMANNEN av Jo Nesbø. Vanskelig å legge frå seg.

solveig sa...

Den hadde kome inn for to timar sidan då eg fekk tak i den før jul i fjor. Det var medan "alle" las den. 5+ krim!

Besta sa...

Boka er god, men Jo Nesbø nektar seg ikkje mykje når det gjeld "grusomme" detaljar. Dessutan ante eg kven morderen var, midt i boka sånn cirka.Likte godt ein av replikkane på slutten:"Hvis et nyfødt barn er fullkomment, så er jo hele livet en eneste lang ødeleggelsesprosess." ..
eller noko slik (Lydbok!)
Jo Nesbø SKRIV godt, det skal han ha.