søndag 24. august 2008

Maten

I Roma fann vi oss gjerne ein fortausrestaurant der vi kjøpte oss pizza eller pasta. Dei rimelege retaurantane dekka brda med rutete dukar. Låg heilt tett, hadde den eine gjerne blåruta og den andre raudruta dukar.
Ein dag ville eg ha noko anna enn is! Dette er den kjende desserten tiramisu.
Vi hadde ei enkelt utstyrt leilegheit. Første dagen vi handla på supermarknaden fekk vi smake ei nydeleg spekeskinke. Vi kokte oss poteter innimellom og hadde til ulike måltid saman med spekeskinka.
--
I tillegg kjøpte vi ulike ostar frå ostedisken
---
Det aller beste eg smakte, var desse ferskenane! Dei var italienske og kom nok rett frå treet. Slik smaka dei i alle fall! Det var noko heilt anna enn dei vi har fått kjøpe i kiloskorger i Noreg denne sommaren. Dei spanske appelsinane var også saftige og søte.

6 kommentarer:

Besta sa...

Sikkert veldig mykje god mat i Italia. Dei er no kjende for mange av matrettane sine, som etter kvart heile verda har adoptert.
Då eg var barn/ungdom visste vi knapt kva pizza var-og ingen av oss hadde verken sett eller smakt det.Makaroni og spanghetti brukte ein attåt annan mat, på samme måten som grønnsaker.

Wenche sa...

Å jeg vil til roma igjen også, helst på våren eller høsten siden 40 grader i storbyen blir i overkant. Rosa gjenglemt jakke kommer i posten, den ligger klar til sending men vi har glømt å ta den med ut av gangen beklager.
W

Milena sa...

"La dolce vita"
:-)
Det er det eg sakna SMAK av : tomat,aprikos,vanmelon....

solveig sa...

Når ein veit kor det skal smake, ja. Vi tek nok til takke med 2.sortering og nesover. I år har ferskenane vore spesielt dårlege; inntørka og smaklause til blodpris. Det rann saft av desse ferskenane!

Besta sa...

Og eg gløymer aldri dei tyrkiske tomatane. Dei vi får kjøpt her smakar nesten ingen ting.I alle fall om ein er så dum at ein legg dei i kjøleskapet.

solveig sa...

Eg dyrka tomatar på altanen eitt år. Det vart ikkje mange modne, men dei som vart det, smaka fantastisk. Det er nok den solmodna frukta som er best, ikkje den som vert plukka som kart....