torsdag 7. august 2008

Vi hadde håpa på betre ver

då vi planla padletur med bading. Med 14 grader på land, er det ikkje rart ungdommane ser litt skeptiske ut!
Men dei hevdar at det var varmt i vatnet!
Alle hoppa frå kanoen etter tur.
Fire søskenbarn på ferie.
Eg var med som pølsekokk. Legg merke til reiskapen, ein steikepinsett eg fekk av Lars for mange år sidan, før vi omtrent visste korleis han skulle brukast.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Det såg kjekt ut med padletur! De kan tru vi hadde det stille ved frokostbordet, Amanda og eg! Det vart så gale at vi begynte å etterlikne søskena for å ha underhaldning: "send meg smørret, Børre"...

Besta sa...

Det såg noko hustrig ut, men då er det sikkert varmare i vatnet.