onsdag 20. august 2008

Viss det er 35 grader i skuggen, er det der eg vil vere.

Omtrent kvar du enn går eller står i Roma, står du i vegen for ein som fotograferer. Dette gjer at ein kan drive med snikfotografering. Legg merke til klesdraktene i varmen!
Temperaturen låg først på 35.36 grader, så gjekk han ned til behagelege 30-32. Eg hadde heldigvis kjøpt meg eit lett skjørt. Ein må vere anstendig kledd, d.v.s. ikkje vise skuldrar eller kne, dersom ein skal kome inn i kyrkjer og Vatikanmuseet. Dei katolske nonnene hadde tatt konsekvensen av varmen, med 3/4 sidde og luftige skaut.

p.s. Viss nokon har sett Øystein og meg gå på kvar si side av fortauet, eller på kvar sin benk i parken, så betyr det ikkje at vi har vore uvenner. Han greier å sole seg i 35+. Det gjer ikkje eg!

3 kommentarer:

Elin sa...

Dette minner meg om Spania for nokre veker sidan. Eg gjekk alltid på solsida av gata, og Inmaculada på skuggesida...og når ho hadde siesta på sofaen med vifte og nedtrekte persienner, låg eg nede på plenen midt i solsteiken.
Ser ut til at de har hatt ein flott tur.

Besta sa...

Eg kan godt sole meg i over 30 grader, men då må det vere ein liten bris, ev ei "utrøne".
Vi vestlendingar har for vane å nyte kvar vesle stråle som blir oss forunt-i år har vo hatt det fint!

solveig sa...

Eg vart mødde!
Og eg forstår ikkje dei muslimske damene! Kor varmt må det ikkje bli inni dei antrekka!