laurdag 2. august 2008

Bading

I saden for å gå i byen og sveitte medan vi venta på å kome inn på hotellrommet, tok vi turen til Huk. Der var utruleg mykje folk. Ikkje så rart på ein varm søndag. Det var heller ikkje noko problem å kome seg attende. Dei hadde sett opp store ekstrabussar.
Søndag fekk vi høyre at det skulle bli 5 grader varmare måndag. Korleis skulle dette gå? Og korleis skal det gå med meg i Roma når 27 grader er plagsomt? Heldigvis venner ein seg til varmen. Skilnaden frå 27 til 32 grader merka vi lite av. Det er frå 17 til 27 den store skilnaden er!

1 kommentar:

Hildegard sa...

Kjekt at du skal til Roma.
God tur! Eidabesta