onsdag 27. august 2008

Nye lydbøker

Måndag var bibliotekaren så grei at eg fekk plukke bøker frå ei kasse med nyinkomne lydbøker. Eg sleit med å velge, og ville begrense meg til 4 om gongen.
Kva skjer?
Vel heime oppdagar eg at eg har lese to av dei frå før! At det går an!
Mankell les eg ikkje om at. Truleg ikkje Bildøen heller.
I morgon skal dei få att bøkene, det vert i alle fall høgre utlånstal av slikt.....

1 kommentar:

Besta sa...

Eg har i alle fall lese dei to som du ikkje har lese. Bildøen er eg ikkje sikker på, men Pyramiden meiner eg sikkert at eg ikkje har lese.Kjell Ola Dahl er forresten ein god krim-forfattar sjølv om han ikkje får så mykje publisitet som t.d. Jo Nesbø.
Det hender rett som det er at eg kjem heim med bøker eg har lese før, det er fordi eg ikkje hugsar titlar, berre forfatterar. Somme gonger les eg bøkene om att viss eg ikkje har noko anna.