laurdag 9. august 2008

Jobb igjen!

Sidan eg reiser vekk veka før skulestart, har eg hatt meg eit par økter på jobb denne veka. Eg har tatt fram alle lause ting som vart vekkpakka til nedvasken tidlegare i sommar.

Vi har ulike fargar på dei fire gruppene. I år skifta eg frå raudt til gult på bakegruppa. På Lillehammer fann eg nye måleskeier i grønt og blått. Den gule gruppa måtte ha svarte silikongrytelappar og måleskeier.

Fargekodene er i tillegg til å vere litt stilig, praktisk når ein skal rydde. Finn eg ei gul bakeskrape, slepp eg å leite over heile kjøkenet, for så å finne ut at den manglar i siste skuffa eg ser i.

Eg tok nye bilde. i alle skuffene ligg det bilde av det som skal vere. Det gjer det enkelt å rydde for elevane.

3 kommentarer:

Besta sa...

Det med fargekode var eit lurt triks. Den tida eg opererte som heimkunnskapslærar var det ikkje så mange fargar å velje mellom. Eg brukte mykje tid på å gå over skuffene etter at elevane hadde "rydda".

arieldog sa...

Gult og svart er lekkert saman, synest eg!

Besta sa...

Ja, berre tenk på Kikki Sørum!!!!