søndag 3. august 2008

Eg vil på slottet!

Tysdag begynte ikkje fotballkampen før ut på ettermiddagen, så vi fekk føremiddagen til rådvelde. Då skar eg gjennom "Eg vil på slottet!". Eg ville i alle fall at Olaug skulle få sjå slottet på nært hald, og så kunne vi sjå korleis ein kunne kome seg inn.

Vi hadde flaks! Vi var der før elleve då den første omvisinga starta. Folk hadde kjøpt billettar på Posten, og folk vart henvist dit. Men det fantest også restbillettar, og vi var så heldige å sleppe inn allereie 11.20.

Det var ikkje lov å fotografere inne. Vi kjøpte denne boka, slik at vi kan gjenoppleve og lese meir. Omvisinga tok ganske nøyaktig ein time. Og i den timen fekk ein høyre mykje om sjølve slottet, og om dei konglege frå tidleg på 1800-talet.
Dette er soverommet i suiten på slottet, der der kongar og statsleiarar får overnatte.

Guiden krydra omvisinga med å fortelje om skandalen då Ceaucesco var på besøk hos Kong Olav. Han fekk lyst til å ta ein middagslur midt på dag, men fekk ikkje sove på grunn av støyen frå trikken på baksida av slottet. Då bad han kong Olav om å stanse trafikken. Kongen måtte berre seie at det hadde han ikkje myndigheit til. Han vart dessutan skuffa over utvekslingsgåva si. Han hadde ønska seg ein kvit Mercedes, men fekk ei bok med bilde frå Vestlandet. Ceaucesco forlet Noreg i sinne ein dag før planlagt.



3 kommentarer:

Besta sa...

De ser nokså streberske ut der de går opp trappa.Korleis kom de ned att. Kjørte de bil....eller?

solveig sa...

Eg synest synd på henne som gjorde det! Som de ser var kongen heime.

arieldog sa...

Det såg uansett kjekt ut å vere der!