måndag 25. august 2008

Kanskje dei har fått tunnel no?



Då eg plukka med meg denne boka som lydbok på biblioteket, var det fordi eg nettopp hadde høyrt ei anna bok lese av forfattaren, og fordi eg hugsa vi las ho på norsk grunnfag i si tid.

Det er ei bok av si tid med problemstillingar som vil vere framande for nye generasjonar. Det gjeld høve til fri abort, fråflytting, industrialisering og frustrerte husmødrer. Obs, kanskje i Amerika?

Grunnstemninga i boka er trist. Menneska er ikkje lukkelege. Og det regnar.

Boka var absolutt verd å lese om att! Vi kjenner att 70-talet, og er glade for at verda har gått framover!

3 kommentarer:

Besta sa...

Kva som er framskritt eller ikkje, kan ein vel diskutere....i det uendelige.Denne boka las eg for lenge sidan og tykte den var dødskjedelig. Kanskje eg skulle prøve den som lydbok? Sikkert god å somne til.

arieldog sa...

Eg likte den godt då eg gjekk på vidaregåande og var politisk engasjert. Filmen, derimot, grensar mot det komiske!

solveig sa...

Eg har eit vagt minne om filmen. Den kan ikkje ha gjort inntrykk om eg såg den....