Dei plantane ein "lagar" sjølv, står no på det finaste.  Eg ribba nokre pelargoniar for å få mange stiklingar. Morplantane stod noko ribba att.  Eg vurderte å kaste dei, men sette i staden tre plantar i ei stor svart potte og gav dei ny mold.I sin andre vår står no mødrene og overgår døtrene.

Den engelske pelargonien står no med mange knuppar. Vert veret fint framover, kan han bli som ei lita buske!
1 kommentar:
At mødrene kan overgå døtrene har eg sett mange tilfelle av, men ikkje i vår familie.
Legg inn en kommentar