fredag 1. august 2008

Inne i husa

Vi vart guida rundt i husa. Det var lov å ta bilde der, men ikkje i galleriet.

Baljfat. Det skulle vere feitt i midten og balj(klubb) rundt. Så kunne alle ete av same fat.

Astrup såg eit slikt skap då han var i Algerie, som han fekk lyst på. Det var for stort til å ta med heim. men han teikna det av, og fekk ein snikkar heime til å lage det.

4 kommentarer:

Besta sa...

Vi har aldri hatt "tid" til å besøke Astruptunet. Når vi er på tur, skal det KØYRAST- på tid har eg inntrykk av.Artig å sjå bilde i alle fall. Ser dei mange fine vevne åkleda, noko som vel er typisk for Jølster. Svigerdøtra til Audhild Viken fortalde ein gong at det var vanleg å veve diverse ting, og så reiste dei ut til kysten og selde når karane kom frå sildefisket.Då var der pengar å hente.

Hildegard sa...

Eg har ikkje vore på Astrup-tunet heller, men Besten var der før mi tid. Han har kopiert mange Astrup-måleri. OK å gå i museum når borna er så store at dei også kan ha litt nytte av det. Eidabesta

Besta sa...

Det bordet som står under vinduet trur eg er det same som er på eitt av "Astrup-måleria" som vi har fått av Svein. Det heng over sofaen.

solveig sa...

Det var då eg dsåg det motivet eg spurde om å få fotografere. Motlyset gjer bildet litt dårleg. Dei hadde ein del gamaldagse potteplantar ståande.