onsdag 27. august 2008

Timeplanen


I fjor hadde eg alle timane mine trykt saman med fridag fredag. Då underviste eg 3 klasser i Mat og helse.
I år har eg fått timane spreidd utover. Tysdagane når vi har langdag, begynner eg seint. Elles har eg fritime 4. time dei dagane eg har 5 timar. Fredagane har eg kun ein dobbeltime. I år har eg norsk i 10. i tillegg til 2 klasser i Mat og helse.
Eg trur eg kan seie tidleg på året at eg likar denne timeplanen betre. Eg får unna arbeid etter kvart. I dag har eg lese meg frampå om Arnulf Øverland. Vi har starta året med bokmålskurs i norsk.
På skulekjøkenet står det pastasalat og trilling av rundstykke på planen. No når det er slutt på grupper som kan bake rundstykke til kantina, begynner vi med dette frå leksjon 1. Vi kan ikkje bake kvar gong. Sylte og vaflar er t.d. ein så travel leksjon, at ein må konsentrere seg om kun det.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Den salaten såg god ut! Eirik hadde sin første time med mat og helse i dag, og då var det mykje å lære om orden og andre praktiske ting. Dei fekk berre lage noko enkelt, sa han, og det var kakao og ostesmørbrød. Akkurat det trur eg dei kunne frå før.

solveig sa...

Olaug laga tomatsuppe. Ho hadde øvd seg kvelden før. Eg hadde nokre hardkokte egg eg ville bli kvitt.