onsdag 20. august 2008

Draumen

Heilt sidan lærarskulen har eg hatt ein draum om å kome inn i Det sixtinske kapell. Vi hadde ei tynn bok i kunsthistorie som vi lærte omtrent utanat. Eg såg for meg kuppelen med måleriet i.

Men det hadde heilt andre dimensjonar enn eg hadde trudd. Det var forbod mot å fotografere og prate inne i sjølve kapellet. Eg hadde stor medynk med vaktene som gjekk der og hysja.

Vatikanmuseet var fullt av kunstskattar. Der hang mellom anna måleri av Van Gogh og Gaugin. Der fanst også moderne kunst. "Alt som pavekyrkja har røva til seg", som ein sa.
Tak og vegger var overalt dekorerte.

Eit eige rom med kart.

6 kommentarer:

Besta sa...

Eit heilt rom med kart?! Det måtte vere draumen for meg!!

Besta sa...

Eg anbefalte deg å lese Engler og demoner før du reiste, men det blir kanskje vel så kjekt å lese den no når du har vore i Roma?

solveig sa...

Karta viste t.d. at Norge visste dei ikkje mykje om, ikkje særleg detaljert.

arieldog sa...

Eg har kjøpt ein dokumentarfilm om "Engler og Demoner" - ei fattig trøyst for den som ikkje har vore i Roma - på mange år.... Fantastisk by!

Hildegard sa...

Det var sikkert ei stor oppleving.
Skulle vore kjekt med ein Roma-tur, men det må bli i den kalde årstida. Hugsar varmen i Nord-Italia dei sommarferiane vi var der, bl.a. Venezia, men då var vi unge og tolde varmen.
Eidabesta

solveig sa...

Det er sikkert lurt å reise i april. Då er det grønt! Øystein fekk med seg påska i Roma med paven og det heile!