søndag 17. mai 2009

Syttandemaistemninga sikra



Melodien vert nok å høyre i mange tog ut over dagen!

Dette var gøy!

Og eg trekker tilbake all skepsis til kommentatoren. Ho gjorde ein strålande jobb!

7 kommentarer:

Besta sa...

Ja, det er nok mange korps som alt har melodien på repertoaret. Stor stas, men eg må innrømme at eg ropte diverse ukvemsord til Synnøve, fordi ho ikkje greidde å teie stille når ho skulle. Utanom Norge hadde eg UK, Island og Aserdadjian som favorittar, så eg synest eg trefte bra.

Elin sa...

Kjekk eurosong-kveld! Men ho taut altfor mykje, kom tilbake kjære Jostein Pedersen!
Til lukke med nasjonaldagen!

solveig sa...

Vi damene prøvde oss med lyd på datamaskina (VG Nett med Jostein Pedersen)mellom songane,men vart nedstemte.
Eg synest Synnøve hadde ein del gullkorn. Berre vi slepp Sundnes.....

Besta sa...

Du har vel lese VG ? Det var nokon som hadde ropa "Hold kjeft" til Synnøve mens dei såg GP. Nils sin kommentar: Så, dei høyrde deg?!
Kva har du eigentleg imot Per Sundnes? JP er han ikkje, men Synnøve er verre.

solveig sa...

Medan Jostein Pedersen er Mann med stor M og grov, herleg stemme, vert Per Sundnes noko pinglete. Skal ein vere frekk, må ein kle det!
Når Synnøve begynte å gå i fistel, hadde Norge allereie vunne. Ho er per definisjon frekk.

arieldog sa...

Eg syntest ikkje ho var så verst, heilt til ho begynte om tennissokkar i bh'en. Det vart berre for dumt. Eg saknar Jostein P.

solveig sa...

Eg har oppdaga at når det gjeld Synnøve, så er det anten eller!
Jostein er best,
ingen protest!
Er der ikkje grupper for slikt på Face book?
Kan dei krevje pizza utan, så....