fredag 15. mai 2009

Den store is-dagen


Snart kan vi vel kalle 70-talet "gamle dagar". Elevane mine har vakse opp med internett, fleire TV-kanalar og is heile året.
---
Slik var det ikkje på 70-talet. Då starta is-salet 17. mai. Og vi hadde masse pengar å kjøpe is og brus for. Det var Sol-is, saft-is og det var Krone-is.
---
- Hæ? Kosta kroneisen ei krone kanskje?
Her vert eg svar skuldig. Eg er fæl å hugse prisar, men isprisane på 70-talet er strokne frå hukommelsen.
- Ein gong må han ha kosta ei krone.

1 kommentar:

Besta sa...

Eg hugsar ikkje isprisen frå 70-talet, heller ikkje at det var første is-dagen. Men i MIN barndom var det ikkje ein is å sjå før 17-mai. Isane den gongen var frå 10 øre og oppover til 50 øre, eller var det ei krone? Alt etter storleiken.Dei vart selde i "laus vekt" frå kiosken, og det var stor stas!Vi fekk to kroner kvar til is etc. på 17.mai,men eg greidde ikkje å bruke opp alt.