laurdag 16. mai 2009

Vi er budde-

- eller held på å bu oss til 16.- og 17.mai

Samanlikna med førebuingane til ein konfirmasjon er førebuingane til 17.mai "a piece of cake". Her vert det baka Kvæfjordkake fordi Olaug spelar fotball.

I 17. maikassa fann eg fire pakkar serviettar å velje mellom. Så eg kjøpte berre eitt lys på Nille i dag.



Konfirmanten, viss eg kan kalle han det lenger, sel Fotbladet for fotballgruppa.

Journalisten er i bya og dekker Aafk-kamp for VG Nett.

Russen (ei skjorte mindre å stryke)er ute og fartar. Han har lova å dukke opp i toget i morgon.













Eg må berre innrømme at Grand-Prix-interessa mi har vore dalande siste åra.
Det kan skuldast:
1. For mange land har kome med.
Eg ber på førehand om orsaking til mine aust-europeiske venner. Eg berre slår fast at vi har ulik musikksmak.
2. Ingen andre i familien er interesserte. Eg vert sitjande åleine.
I år ser det ut til at Olaug i alle fall har tenkt å følgje med.
3. Eg har ikkje tru på Norge sin låt.
I år har vi ein låt som eg absolutt har tru på!
4. Kommentatoren.
Underhaldningsverdien av programmet sokk ti hakk då vi måtte greie oss utan stemma(Norges vakraste) og dei treffande kommentarane til Jostein Pedersen. Etter mitt syn burde NRK legge seg på kne og trygle han om å kome tilbake. Vi må vel gjere som i fjor; rigge oss til med berbar PC på bordet framfor TV-en og følgje med på VG Nett.

I fjor hausa media så høgt opp den norske låten at alt anna enn 1. plass vart skuffande. I år gjer dei det same. Men i år vi har vi den beste låten. HEIA NORGE!

2 kommentarer:

Besta sa...

Klart vi saknar JP! Men for meg er kommentarane lite verdt fordi eg ikkje forstår kva dei seier i alt bråket. Har sett begge semifinalane; mykje er til forveksling likt, men nokre merka seg ut. T.d. trur eg GB har ein fin song, sjølv om eg ikkje har høyrt heile.Portugal var sjarmerande.....
Og så var det ein som likna på vår i stil men med ei jente i kort "bunad": Heia Norge!

solveig sa...

Når du skal snakke oppå eit program, bør du for det første ha noko interessant å seie og ha ei stemme som plagar minst muleg. Til det er JP ideell. Fornærmelsane bør sjølvsagt også vere innanfor ei viss grense. Kanskje årets kommentator er litt frekkare enn den førre.