søndag 24. mai 2009

Arme riddarar

Denne veka har vi restemat på menyen på skulekjøkenet. Det vil seie, på skulekjøkenet har vi ikkje restar, noko eg er snar å fortelje elevane. Men vi lærer om å ta vare på matrestar. Punkt ein er sjølvsagt å lage til omtrent passeleg.

Det vert kasta mykje mat i private hushaldningar i Noreg. Eg likar ikkje sløsing. Det irriterer meg når vaksne tek to pappbeger til kaffi i staden for å brette ut hanken. Mange dreg lange remser med papir for å tørke seg på hendene. I Sunnmørsposten laurdag var ei dame fornærma for at ho ikkje fekk bruke brødposar på bananane. Kvifor putte bananklasar i plastposar?

Restemat er ikkje dårleg mat. Vi lagar ein gryterett på skulekjøkenet der ein kan bruke restar av ketsjup og riven ost. Vaflar er vel typisk restemat. Eg lagar vaflar i alle fall anna kvar veke og kvittar meg dermed med vaniljesaus, fløyte- og rømmerestar.

Desserten denne veka er arme riddarar. Det er ikkje kvart år vi lagar det. No har eg funne ut at retten er ukjend for mange vaksne og. Elevane hadde smakt det på barneskulen og var skeptiske. Men vi bruker ei anna oppskrift med meir mjølk i. Og den smaka mykje betre, sa elevane etterpå.

Til arme riddarar brukar ein gjerne "gammal" loff. men ein kan sjølvsagt bruke grovare brød.

4 skiver loff

1 egg
1 ms sukker
1 1/2 dl lettmjølk
1 krm kardemomme/kanel

margarin/smør til steiking
(eg bruker flytande Bremykt)

1. Legg brødskivene på eit flatt fat.
2. Visp saman egg, sukker, mjølk og krydder og slå det over brødskivene. La dei stå til dei er gjennomblaute.
3. la margarinen bli varm i steikjepanna og steik brødskivene pent gulbrune og sprø på begge sider.

Server med syltetøy.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Eg viste blogginnlegget ditt til Eldstejenta, som utbraut: "åååå nam, det e lenge sida me he hatt!". Så takk for påminninga om ein god og gammaldags rett. Her har vi oftast laga den som kveldsmat, ikkje dessert - og det gåt fint med kneipp også. Personleg er eg glad i kanel, og droppar då syltetøy.

solveig sa...

Det passar til alle måltid, men vert helst til kveldsmat her og. Eg breukar gjerne kardemomme og ikkje sylte. Mormor brukte å lage arme riddarar, hugsar eg.

Hildegard sa...

Arme riddarar er godt, kan brukast både til kveldskos og dessert. Ein av dei matrettane eg hugsa vi hadde i barndomen når vi skulle ha noko ekstra godt.
Eidabesta