søndag 10. mai 2009

Maten

Vi bestilte koldtbord gjennom Prix på Hareid. Det vart laga på Mega i Fosnavågen. Eg har vore i selskap med same leverandør, så eg visste at det var fin og god mat, og ikkje minst rikeleg. I tillegg til dei kalde rettane var der kylling og heimelaga karbonadar. Berre eitt fat vart tømt, nemleg det med kabaret, og det har nok med kven som har det til yndlingsrett å gjere. Det var ikkje Olaug som var grådigast for å seie det sånn. Ho som hjelpte til fekk med seg kylling og salat til middag. I dag har vi hatt karbonadar til middag. Pålegg har vi nok til resten av veka. Då hadde eg bestilt til 25 personar, tre meir enn vi var.
Kakebordet var ikkje så imponerande som det i fjor, men ei halv kake pr person brukar å halde. planen var å ha etterpålag i dag. Men Olaug ligg rett ut med sår hals og kvalme. Ho er ikkje den som brukar å gje seg over. Så no tek vi ikkje sjansen på å smitte naboane. I 2000 hadde vi eit stort selskap her. Då hadde keeperen kome heim med smitte dagen før. Vi hadde ikkje før sagt hade til dei siste gjestene før det braka laus.

De kan vere trygge for at maten ikkje kjem vekk. Det som kan frysast er frose, og så tek vi resten pø om pø.


5 kommentarer:

arieldog sa...

Maten var veldig god - spesielt gode var karbonadane, syntest eg, sjølv om eg berre smakte litt etter at eg eigentleg var altfor mett...

solveig sa...

Til dei to andre konfirmasjonane fekk vi Gilde karbonadar. Men det er meir kvardagskost.

Besta sa...

Ingen bør vere i tvil om at det var både nok og for mykje av det meste.Ein skulle hatt litt lenger mellom måltida, så hadde vi klart å smake på fleire kaker.Kaker er nemlig sjelden kost her i huset!

solveig sa...

Eg er glad for at eg ikkje hadde laga eller fått fleire kremkaker i og med at det ikkje vart etterpålag.

solveig sa...

Eg kom på at då eg var gravid med konfirmanten, åt eg mykje roastbiff med syltaagurk. Eg stakk innom slaktarbutikk på veg heim frå jobb. Sidan brunosten var utskifta, lurte dei på om eg hadde fått lønnspålegg. Roastbiff er nok min favoritt på koldtbordet.