torsdag 21. mai 2009

Fy pus!

Viss de ser godt etter, ser de ei fuglekasse oppe i treet. I fuglekassa bur det kjøtmeis. Viss de ser endå betre etter, ser de at oppå fuglekassa sit det ein katt. Kjøtmeisa seier ikkje så mykje, men skjorene varslar om trøbbel.

Katten veit godt kva eg meiner når eg ropar "Fy pus!" og klappar hardt i hendene. Då pitlar han seg heim att fortare enn svint. Men kjem han att?

3 kommentarer:

Anlen sa...

Ikkje fortell om den ivrige pusen til syskenbarn Kjell MS, då står han snart klar til å kverke:)

solveig sa...

Ja, han er ein kjend kattemordar!
Han kjem elles gjerne og merkar kjøtmeisungane, eller ser på når Håkon gjer det.
Vi vurderer piggtråd eller liknande. Katten stakkar følgjer instinkta sine, men han har vorte jaga vekk så mange gonger at det lyser dårleg samvit av han når han vert tatt på fersken.

Besta sa...

Vi har eit lite problem i heimen i og med at FAR er mest begeistra for fuglar og jagar kattane, mens eg derimot likar kattane best!