laurdag 30. mai 2009

Flora Norvegica



I år rakk vi berre ei rask butikkrunde i Fosnavågen. I fjor handla vi begge på eit glasmagasin. Det vart ikkje kjøpt noko i dag, men vi vart ståande å beundre dette flotte serviset. Berre klikk dykk inn og sjå alle kombinasjonsmulegheitene. Her er det både sommarfuglar, bjørk og jordbær.
---
Om eg skal kjøpe noko? Nei då, eg berre kikar!
---
p.s
For oss som har kvitt servise; dei hadde serviettar i same mønster.

3 kommentarer:

Besta sa...

Var innom nettet og kika. Mykje fint, men det ville bli nokså håplaust å dekke eit heilt bord, utan at det vart rot. Tallerkar til to er meir fristande. Dei ovale tallerkenane var spesielt fine-og krusa sjølvsagt. Med dyre!!!
Best å berre kike, eller kjøpe serviettar.

solveig sa...

Eg tenkte akkurat det same. Ein måtte i tilfelle velje seg ut eitt av mønstra. M likte jordbærskålene.
Vi snakka forresten elles om å kjøpe til to.
Men det er kjekt å kike, reine kunsten!
Prisen? Her må ein vente på prosentar..... i alle fall viss ein vil kjøpe mykje.

Besta sa...

Eg tykte der var VEL mykje mønster på somme av tallerkane. Tallerken skal ikkje "overstråle" maten!På nettsal er der prosentar, men det blir vel meir.Har inntrykk av at servise etc. har kortare og kortare levetid.Tryggast å ha t.d. kvite tallerkar og heller supplere med fargerikt tilbehør.