fredag 29. mai 2009

Den som er verd å elske

Korleis vel ein namn til eit barn? 3. klassingen skreiv om dette emnet på sidemålsstilen sin onsdag. Utgangspunktet var ein tekst om korleis samiske born får/fekk namnet sitt.

Skal ein sjå kva namn som vil passe eit barn? Skal ein gje barnet eit namn med eigenskapar ein ønskjer det skal få? Skal ein kalle opp att? Er det oppattkalling om ein berre vel første bokstaven i eit namn?

Amanda er oppattkalla etter vår mormor, Amanda Margrete, som var fødd i 1904. På kurva over ser vi at namnet var populært frå ca 1880-1900. Så gjentek populariteten seg 100 år etterpå. Kva har skjedd? Er det oppattkalling av alle oldemødrene - eller er det den vakre, snille Amanda i Dynastiet som gjer at namnet får fokus att?

Uansett er Amanda eit flott internasjonalt namn som det er kjekt går vidare i slekta!

Då Amanda vart fødd, troppa heile familien opp på Føden i Volda.

Ikkje så lenge etter får vi besøk på Hareid. Her er eit av dei første bilda av dei tre jentene i familien.

2 kommentarer:

Besta sa...

Då eg var lita var eg flau over at mamma hadde sånt "gammeldags" namn. Derfor brukte eg andre namnet hennar på dotter nummer to, nemleg Margrete, eit namn som aldri har vore ute av moten.
Men så kom Amanda på moten igjen, og no synest eg det er eit fint og tidlaust namn som er brukt i mange land.

Elin sa...

No blei eg sitjande ein time og surfe på desse namna, utruleg alt ein finn på nettet! Amanda er veldig fint!