torsdag 7. mai 2009

Opning av Hareid skule

Oppvekstsjefen fekk ikkje det veret han hadde håpa på til opningsarrangementet til den nyrenoverte Hareid skule. Det som skulle foregå ute, vart flytta inn.
Sjølv tok eg meg berre tid til å vere med på den høgtidlege opninga med talar, korpsmusikk og korsang. Bilda er tatt frå skulekjøkenet mot medieteket.



5 kommentarer:

arieldog sa...

Gratulerer med "ny" skule! Sikkert kjekt både for elevar og lærarar.

solveig sa...

Der var fint og dei hadde gjort seg skikkeleg flid med arrangementet. Sjølv vart ein noko "utakknemleg" gjest. No har eg vaska og rydda det meste. Finpussen(borddekking og stryking) og karamellpuddingane står att. Eg har fått tak i gardsegg.

Anlen sa...

Visst var det eit godt arrangement;) Eg trur at komiteen som hadde ansvaret for dagen jobba mykje med det, og Lene er fantastisk med å halde orden i sysakene.

Du får prøve å halde stressnivået på eit ok nivå:)

Besta sa...

Det blir alltid for mykje stress i samband med slike dagar.Men hugs at det viktigaste for gjestane er å få vere til stades-og å treffe kvarandre.Men sjølvsagt set vi også pris på god mat.

solveig sa...

Når ein skal ha slike festar i heimen, begynner ein å sjå seg sjølv utanfrå. Vanlegvis lever ein lukkeleg med både rot og ugras. Kvifor står det tre dusjsåper og fire sjampoar i dusjen. Er det ikkje nok med ein balsam?
Eg taklar ikkje stress i siste liten. No har eg oversikta.
Men uansett kvar du er fysisk, er du langt inne i planlegginga.
No gler vi oss til å treffe slekta!
Norskelevane mine kom opp i matte, så no har vi lett stoff, det vil seie vi les tekstar, og så tek vi att litteraturhistoria når eksamenen deira er over.
Herbjørg Wassmo og oppvekstromanar er eit kjekt tema å ta når ein vil ha enkel førebuing.