tysdag 12. mai 2009

Koldtbord er ikkje middag!

I går kom det krav om noko anna enn koldtbord til middag. Ei suppe vart foreslått. Suppeposar er mangelvare her i huset. Kjøper eg inn det, forsvinn dei like fort, og suppekokarane legg att spor etter seg i form av skitne panner og reiskap. No har eg litt asparges i hagen, men ikkje nok til ei suppe. Så eg steikte eit par boksar sopp (Eg veit ikkje kvifor eg kjøper sopp i boks. Fersk er mykje betre!) i smør. Deretter jamna eg suppa med mjøl og spedde med vatn, mjølk og hadde i litt buljongpulver. Til slutt hadde eg i ein boks asparges i tillegg til den heimeavla. Eg smakte til med salt og pepar. Hadde eg hatt fersk basilikum i hus, så hadde eg krydra med det.

Server gjerne til koldtbord!


5 kommentarer:

arieldog sa...

Det hørtest deilig ut! Sikkert like kjapt å lage heimelaga som posesuppe, og mykje betre.

solveig sa...

Og same rotet stort sett.
Eit par liter posesuppe kostar fort framunder 40 kroner. Det er mykje for pulver.

arieldog sa...

Trur eg har ein plan for morgondagens middag...

Anlen sa...

Men det er jammen mykje godt på eit skikkeleg koldtbord, det er i alle fall sikkert! Klart at det er godt med heimelaga suppe:) Eg er ikkje så flink til å kome på slikt, men kanskje eg må trene litt!

solveig sa...

Koldtbord d.v.s. mykje godt pålegg og gode salatar, vil dei ha til frukost og kveldsmat.